fredag 25. februar 2011

Dommer: Den gode feen


Dommer i kategori 2, BARN, er Linda Sæbø.

Linda Sæbø alias Den gode feen har styra med hekling, strikking, saum og interiør/oppussing frå barnsbein av. Interessa er stor for både mote, design, interiør, matlaging og ikkje minst barneklær og leiker. Retro og nostalgiske ting gjev ekstra høg puls, men er også glad i det klassiske og stilreine.


Linda er utdanna geolog, og arbeider til dagleg i oljebransjen. På fritida får mykje av det kreative utlaup, og det meste vert dokumentert på bloggen som har eksistert sidan 2003. Med tre små barn i hus, og full jobb er det desverre lite tid til å oppdatere Epla-butikken, men håpet er å få i gong produksjonen av tapetserte veggdyr og sydde produkt i retro tekstilar igjen. Hadde berre døgeret hatt fleire timar....

Eg har ein forkjærlighet for alt som har med barn å gjere: fine barneklær, fine leiker, kjekke møblar osv. Gledar meg masse til å vere dommar innan kategorien BARN, og sjå alle dei fine produkta som skal kårast!


Ta en titt på bloggen til Linda, Den gode feen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.